Innbuforsikring

Innbuforsikring dekker skade på innbu og lausøyre, også for ting som oppheld seg mellombels utanfor forsikringsstaden.

Innbuforsikringa til foreldra dekker også skade på innbu som borna tek med seg på hybel under studietida. Dersom hybelen vert råka av skade, dekker ikkje foreldra si forsikring meirutgifter som borna får ved å måtte skaffe seg eit mellombels husvære. Slik dekning gjeld berre på forsikringsstaden, dvs. der foreldra bur.


Kva bør forsikringssummen vere?

Du kan få ein god peikepinn ved å bruke innbukalkulatoren som FNH utarbeidar. Innbukalkulatoren finn du ved å trykke her