13.05.2016

Møretrygd spanderar båtførerprøva

Fleire tar båtførarprøva, men enno er det alt for mange som ikkje gjer det. Båtførarprøva er viktig for tryggleiken på sjøen. Difor spanderer vi eksamen på dei som gjennomfører prøva.

Trenden går i rett retning. Fleire tar båtførarprøva, men enno er det alt for mange som droppar å gjere det. Dette gjeld særleg dei som er født før 1980, og som ikkje er pålagt å ta den.

- Vi skulle gjerne sett at fleire «godt vaksne» også tok båtførarprøva sjølv om det ikkje er krav om det. Med å ta båtførarprøva lærer ein mykje om tryggleik om bord i ein båt, og korleis ein ferdast på sjøen, seier Erling Kløvning, havarisjef i Møretrygd.

Fleire tar prøva
Dei siste tre åra har det vore ein sterk auke av folk som tar båtførarprøva. Så langt i år er det 15 prosent fleire enn på same tid i fjor, ifølgje Norsk Test som gjennomfører prøvene. Båtførarprøva er obligatorisk for alle som er født etter 1980, og som skal føre eit farty som er over åtte meter eller med større motor enn 25 HK.

Kvinner
Det har også vore ein auke i talet på kvinner som tar prøva, men enno utgjer dei berre 30 prosent av avlagte prøver.
- Det er gledeleg at fleire kvinner tar båtførarprøva, men vi skulle gjerne sett at det var enda fleire. Skal ein ferdast trygt på sjøen er det viktig at fleire av dei som er om bord i båten har god kunnskap om båt og sjøliv, seier Kløvning.

Kampanje
For å stimulere fleire til å ta båtførarprøva gjennomfører Møretrygd ein kampanje for sine kundar. Alle som tar båtførarprøva mellom 1. mai og 1. september i år, og som har tilknyting til Møretrygd, får 600 kroner i støtte. Beløpet blir utbetalt når ein legg fram dokumentasjon på at prøva er gjennomført og godkjent

Havarisjef Erling Kløvning

Havarisjef Erling Kløvning



Flere nyheter