14.06.2016

Ikkje gå i familiefella - sjekk reiseforsikringa

Dei fleste har reiseforsikring, men har du sjekka at den faktisk gjeld for heile familien? Og kva skjer når tenåringsguten tar med seg kjærasten på ferie? Og er den nye sambuaren din forsikra?

Problemstillingane er mange og reglane for kva som inngår i reiseforsikringa varierer mellom forsikringsselskapa. Ta difor ein sjekk på kva som gjeld før du reiser på ferie.

Familie
I utgangspunktet gjeld reiseforsikringa for den eller dei som er nevnt i forsikringsbeviset, og som er medlemmar av den norske folketrygda og har bustadadresse i Norge. Men kva viss tenåringsguten tar med seg kjærasten på ferien – gjeld «familieforsikringa» for ho også?
- Nei, i utgangspunktet gjer den ikkje det. Ei familieforsikring omfattar alle i familien som har same bustadadresse. Eigne born er medrekna i forsikringa inntil dei fyller 20 år, så lenge dei har same bustadadresse som foreldra. Denne kjærasten må difor ha eigen forsikring, seier Fred Hansen, salsleiar i Møretrygd.


Kan koste dyrt
Fred Hansen oppmodar alle om å teikne reiseforsikring. Blir ein sjuk eller kjem ut for ei ulykke i utlandet, kan ein risikere krav i millionklassa.
- Særleg når ein reiser utafor Europa kan det bli svært dyrt. Viss ein er så uheldig å hamne på sjukehus blir det raskt snakk om store pengebeløp. Blir ein sendt heim som bårepasient, kan flybilletten i seg sjølv koste fleire hudretusen kroner. I slike tilfelle er det nettopp reiseforsikringa som har redda mange, seier Hansen.
Men det er ikkje berre på lange utanlandsturar det svarar seg å ha orden på forsikringa. Reiseforsikringa gjeld også på småturar her heime. Sjølv på mindre turar hender det at bagasjen kjem bort eller blir stolen. Då er det også nyttig å ha reiseforsikring.


Møretrygd samarbeider med Gouda Reiseforsikring, som tilbyr ei av dei beste reiseforsikringane i marknaden.
- Alarmsentralen til Gouda har døgnvakt 365 dagar i året og har språkkyndige som står klare til å yte assistanse uansett kvar i verda det er behov for hjelp, seier Fred Hansen, salsleiar i Møretrygd.

Sjekk dette før du reiser på ferie;
• Har alle i reisefølget gyldig pass?
• Har alle i reisefølget gyldig reiseforsikring?
• Har alle i reisefølget gyldig Europeisk helsekort? Kortet sikrar at så lenge du er i eit EØS-land har du rett til same medisinske behandling som innbyggarane i det landet du besøker. Kortet får du gratis på; www.helsenorge.no.
• Bruk kredittkort og unngå ha med store pengebeløp i kontantar.

Fakta om Møretrygd:
• Møretrygd er totalleverandør av skadeforsikringar for både private og næringsdrivande på land og sjø.
• Møretrygd samarbeider med Gouda Reiseforsikring, og tilbyr dermed dei beste reiseforsikringane i marknaden.
• Møretrygd er eit lokalt forsikringsselskap med Nordvestladet som kjerneområde.
• Møretrygd har kontor i Ålesund, Volda og Fosnavåg.


Om Gouda Reiseforsikring
Gouda Reiseforsikring er spesialist på reiseforsikring og har eksistert i Norden sidan 1994, og i Norge sidan 2002. Gouda Reiseforsikring er eit heileigd dotterselskap av Gjensidige Forsikring ASA, og tilbyr alt frå ordinære ferie- og fritidsforsikringar for private, til tenestereiseforsikringar og forsikring for utstasjonerte.


Heilårsforsikring
Ei heilårsforsikring gjeld på alle ferie-, fritids-, og tenestereiser som varer inntil 45 dagar. Dvs. at du kan reise i 45 dagar, ver heime på bustdsadressa i ein eller fleire dagar, for å så å reise å vere borte i ytterlegare 45 dagar. Alt dette på same forsikringa.


Europadefinisjon
Du kan teikne reiseforsikring for Europa eller heile verda. Med Europa er det meint alle EU og EØS-land.


Ungdomsforsikring
Dersom du er under 35 år når du reiser ut, kan du teikne eigen ungdomsforsikring.



Flere nyheter