23.06.2016

Har du lov til å trekke denne?

Har du kjøpt ny bil og skal trekke campingvogn i sommar, bør du sjekke både vognkort og førarkortet ditt. Totalvekta av bil og hengar avgjer om du treng «tilhengarlappen» eller ikkje.

Bøtene svir godt, men kjem du ut for ei ulykke risikerer du i tillegg avkorting i forsikringa di viss reglane ikkje er følgt. Før du legg ut på tur må du sjekke både førarkortet og vognkortet for å vere sikker.

- Viss du berre har førarkort for personbil, kan ikkje totalvekta av bil og hengar vere meir enn 3500 kilo til saman. Når ein trekker campingvogn kjem ein lett over denne grensa, seier Fred Hansen, som er salsleiar i Møretrygd.

Ta «hengarlappen»

Løysinga for mange er difor å ta litt ekstra opplæring å skaffe seg førarkort B96, eller BE (sjå faktasak under for detaljar). Dei fleste køyreskular tilbyr opplæring for dei som har behov for å køyre med tilhengar eller campingvogn.

- Sjølv om ein har køyrt bil med hengar tidlegare, så er det ikkje dumt å ta denne opplæringa. Bilen får andre eigenskapar når ein køyrer med tilhengar. Gjennom dette kurset får ein lære mykje om lasting og køyring med tilhengar, seier Hansen.

Bøter som svir

For dei som ikkje har formalitetane i orden kan det koste dyrt. Å køyre med bil og hengar som veg meir enn 3500 kilo, når ein berre har førarkort for personbil kan koste dyrt. Politiet har hyppige kontrollar og forelegget for å køyre utan «tilhengarlappen» kostar minst 5000 kroner.

- Viss tilhengaren i tillegg er tyngre enn det bilen har lov til å trekke, eller den er for tungt lasta i forhold til det som står i vognkortet, vert det enda dyrare om du blir tatt, seier Hansen.

Maks fart på 80 km/t

Eit anna forhold mange ikkje er klar over er at ein ikkje har lov til å køyre fortare enn 80 km/t når ein trekker tilhengar eller campingvogn. Dette gjeld sjølv om fartsgrensa på staden er 90 eller 100 km/t.



Flere nyheter