28.06.2016

Færre skader med båtførerprøva

Mange ulykker og skadar på sjøen kunne vore unngått viss båtførarane hadde hatt betre kunnskapar.
- Båtførarprøva er viktig for tryggleiken på sjøen. Difor spanderer vi eksamen på dei som tar prøva i sommar, seier havarisjef Erling Kløvning i forsikringsselskapet Møretrygd.

Fleire tar båtførarprøva, men enno er det alt for mange som droppar å gjere det. Konsekvensane kan bli alvorlege.

-Diverre er mangel på kunnskapar ofte årsaka til ulykker med småbåtar. Med å ta båtførarprøva lærer ein mykje om korleis ein skal oppføre seg på sjøen. Det kan vere ei god investering, seier Erling Kløvning, havarisjef i Møretrygd.

Kan bli dyrt
Det kan også få økonomiske konsekvensar å køyre båt utan den obligatoriske prøva. Blir ein tatt av politiet er forelegget på 5000 kroner. Er ein uheldig og få skade på eigen eller andre sin båt, risikerer ein i tillegg avkorting i forsikringa.

- Skadeoppgjer frå forsikringsselskapa tar omsyn til om reglane er følgt eller ikkje. Er det brot på reglane med til dømes å køyre båt utan båtførarprøve, risikerer ein å ikkje få dekt skadane gjennom forsikringa, seier Kløvning.

Rett veg
Det er fleire som tar båtførarprøva no enn tidlegare, men enno er det alt for mange som droppar å gjere det. Dette gjeld særleg dei som er født før 1980, og som ikkje er pålagt å ta den.

- Heldigvis er det mange ungdomar som tar prøva. Men vi skulle gjerne sett at fleire «godt vaksne» også tok båtførarprøva. Sjølv om det ikkje er krav om det, lærer ein mykje om tryggleik om bord i ein båt og korleis ein ferdast på sjøen, seier Kløvning.



Flere nyheter