30.08.2016

Har du klargjort fortøyningene for høstvær?

Her er nokre enkle tips og råd!

BRUDDSTYRKE

Har du vurdert om fortøyningstauet har bruddstyrke som passer til den belastninga det vert utsett for? Langs ei vêrutsatt flytebrygge, kan det skje svært kraftige rykk over ei lang periode. Då er det viktig at brottstyrken er rett og tilpassa båten sitt deplasement. Det er tabeller som viser kva brottstyrke som passer til din båt. Ei 10mm fortøyning kan ha 1000 kg brottstyrke, medan same tauet på 15 mm kan ha 2500 kg brottstyrke. Gå gjerne opp i taudimensjon til høst og vinterfortøyning.

GNAG OG OPPFLISING

Det hjelp lite kor sterkt fortøyningstau ein nyttar, om tauet vert utsett for gnag. Dette er årsaka til mange "fortøyingshavari". Det er viktig at fortøyingstauet ikkje «gneg» mot pullert, halgatt eller kaikant. Når tauet først er litt oppflisa, eller har fått kutta ein kordel, er det berre eit rykk til så slitnar tauet. Det kan vere ein fordel å nytte kausar, samt verne tauet mot skarpe kantar med ekstra polstring. Om det vert nytta sjakkel, må ein syte for å låse splinten slik at den ikkje skrur seg ut.

Ei reservefortøying, som tek over ved brot i hovudfortøyinga, er en billig sikkerhet. Normalt bør tampane vere like lange for å fordele last, men det kan vere ein fordel å ha ei solid «reserveline» til fartøyet, som ekstra sikkerhet ved brot i hovudtrossa.

FORTØYNINGSFJØRER

Det skal nyttast fortøyningsfjører til alle fortøyingane til båten. Spesielt på flytebrygger kan det oppstå ekstreme rykk, når brygge og fartøy er i motsving.

SPRING

For å hindre jaging langs brygga når det er dårlig vêr, bør det settast opp spring både forut og akter.

FENDRING

Gode fenderar dempar trykk og rykk mot brygga og er viktig for å unngå skade på båt og brygge.

TIPS

  • - Hvis mulig, fortøy båten med baugen mot vindretning. Motorbrønn på en del skjærgårdsjeeper fylles kontinuerlig med sjø i dårlig vær, som medfører at vann kan trekke inn i skroget ved kabelgjennomføringer. Dette har i enkelte tilfeller før vannfylling og totalhavari av båt.
  • - Husk at bunnventiler skal være stengt.
  • - Sikre kalesjen med ekstra surringer.
  • - Sjekk at sjøl-lensing fungerer og at vann renner ut.
  • - Ta i land eller lås inn alt løst utstyr.
  • - Ha jevnlig tilsyn med båten, gjerne i felleskap med nabobåter.



Flere nyheter