27.11.2014

Branntryggleik - spesielt viktig i desember

MØRETRYGD SET FOKUS PÅ BRANNTRYGGLEIK

Måndag 1. desember set Møretrygd fokus på branntryggleik i heimen, og inviterer til røykvarslaren sin dag.

1.desember er røykvarslaren sin dag, og Møretrygd markerer også i år denne dagen ved kontora i Fosnavåg, Volda og Ålesund. Møretrygd  har  hatt denne markeringa i nokre år med stor suksess, og gjentek difor denne markeringa i år.

 - I fjor var det veldig mange som var innom kontora og  fekk både gratis batteri samt  informasjon om brannforebyggjande tiltak.  Dette er eit tiltak  dei besøkjande set pris på, og det blir ofte gode diskusjonar om branntryggleik. Vi vil gjere ein innsats for å informere folk om ulike brannrisikoar og korleis ein kan førebyggje brann i heimen. Dei siste åra har det vorte mange nye elektriske apparat som til døme mobiltelefonar og PC-ar, og desse siglar opp som nokre av dei hyppigaste brannårsaker i norske heimar. Ein skal heller ikkje gløyme ungdomsroma. Desse har faktisk vorte dei største brannfellene i heimane.  Å hugse å skifte batteri i røykvarslaren er eit enkelt tiltak som kan redde liv, seier Fred Hansen i Møretrygd.

Det er ikkje å legge skjul på at talet på brannar aukar i Noreg, og spesielt i vårt område er det faktisk oftare husbrannar enn i landet elles. Difor er det viktig å oppdatere seg om kva tiltak ein kan gjere for at dette ikkje skjer.

- Det eg er mest overraska over er at mange ladar mobiltelefonen om natta. Dette har faktisk vorte ein av dei største brannårsakene. Eg veit om fleire tilfelle der  dette har skjedd, men heldigvis oppdaga før det har fatna skikkeleg, seier Hansen.

Vi har også i år fylt opp lageret med friske batteri, og delar ut til alle i samband med 1. desember  som er røykvarslaren sin dag. Batteria i røykvarslaren bør bytast ut ein gong i året, og når ein veit at den verste høgtida for brannar nærmar seg er dette ein grei dato, seier Hansen som  saman med sine kollegaer er klar til å dele ut informasjon og batteri til folk som kjem innom kontora.



Flere nyheter