22.05.2015

Generasjonsskifte i Møretrygd

Eit generasjonsskifte er i gang i  Møretrygd.  Til saman 112 års erfaring blir erstatta av yngre krefter.

Det er både vemodig og godt, seier Kirsti Rotevatn. Etter 28 år som servicekonsulent i Møretrygd tok ho avgjerda om å bli pensjonist. Til sommaren er det slutt på arbeidslivet, då skal 65-åringen dyrke familien og hobbyane sine på heiltid. Som korsongar, aktiv turgåar, strikke- og reiseglad og med fem barnebarn reknar ho med å få nok å fylle dagane med. Kanskje kjem hytta også til å bli meir brukt no.

- Det er ikkje verre enn at eg kan stikke innom på besøk om saknet etter kollegaene og jobben blir for sterkt, seier ho. Avgjerda om å gå av med pensjon var ikkje lett å ta, men det kjennest rett når ho no har gjort det.

Ho får følgje av fleire. Inspektør Arve Barstad har nesten 24 år bak seg i Møretrygd og har alt eit par månaders erfaring som pensjonist.

- Det tek litt tid å bli kvitt rastløysa i kroppen, medgir han. Då er det fint å kunne svinge øksa og ordne ved til vinteren.

Havarisjef Ketil Alnes og økonomisjef Svein Martin Melsæter har også bestemt seg for at høvesvis 32 og 28 år i Møretrygd er nok. Men også dei seier at det er med blanda kjensler dei takkar for seg. Alle fire er samde om at forsikringsselskapet har vore ein trygg og god arbeidsplass med trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø.

- Vi kjem til å sakne dei, seier administrerande direktør Bjørn Harald Bakke. Seks nye tilsette skal både fylle tomrommet og nye stillingar i selskapet som er i sterk vekst. Men måndag var det veteranane som har vore med og bygge opp Møretrygd gjennom skiftande tider som vart heidra og takka av.

foto: May-Britt Haukås



Flere nyheter