04.11.2015

Har du sjekka fortøyingane til vinteren?

Her er nokre enkle tips og råd!

BRUDDSTYRKE

Vert det brukt fortøyningstau med brotstyrke som passar til den belastninga det vert utsett for? Langs ei vêrutsatt flytebrygge, kan det skje svært kraftige rykk over ei lang periode. Då er det viktig at brotstyrken er rett og tilpassa båten sitt deplasement. Det er tabellar som viser kva brotstyrke som passar til din båt. Ei 10mm fortøyning kan ha 1000 kg brotstyrke, medan same tauet på 15 mm kan ha 2500 kg brotstyrke. Viktig å tenkje på når ein kjøper vinterfortøying.

GNAG OG OPPFLISING

Det hjelp lite kor sterkt fortøyningstau ein nyttar, om tauet vert utsett for gnag. Dette er årsaka til mange "fortøyingshavari". Det er viktig at fortøyingstauet ikkje «gneg» mot pullert, halgatt eller kaikant. Når tauet først er litt oppflisa, eller har fått kutta ein kordel, er det berre eit rykk til så slitnar tauet. Det kan vere ein fordel å nytte kausar, samt verne tauet mot skarpe kantar med ekstra polstring. Om det vert nytta sjakkel, må ein syte for å låse splinten slik at den ikkje skrur seg ut.

Har ein rett fortøyingstau med korrekt brotstyrke, kan det være lurt å sette opp ei reservefortøying, som tek over ved brot i hovudfortøyinga. Normalt bør tampane vere like lange for å fordele last, men det kan vere ein fordel å ha ei solid «reserveline» til fartøyet, som ekstra tryggleik om gnag fører til brot i hovudtrossa.

FORTØYNINGSFJØRER

Det skal nyttast fortøyningsfjører til alle fortøyingane til båten. Spesielt på flytebrygger kan det oppstå ekstreme rykk, når brygge og fartøy er i motsving. Fortøyingsfjører skal brukast saman med passande fortøyingsline avhengig av båten sitt deplasement.

SPRING

For å hindre jaging langs brygga når det er dårlig vêr, bør det settast opp spring både forut og akter. Då minskar ein båten sine bevegelsar og høve til for fortøyingsbrot vert redusert.

FENDRING

Gode fenderar dempar trykk og rykk mot brygga og er viktig for å unngå skade på båt og brygge. Fenderane må vere tilpassa brygga si utforming.



Flere nyheter