25.11.2015

Røykvarslaren sin dag!

Dei siste åra har Møretrygd brukt Røykvarslerens dag, 1. desember, til å dele ut batteri til røykvarslarar i lag med gode råd om branntrygging. Du får så mange batteri du treng. Det viktigaste for Møretrygd er å drive førebygging.

Røykvarslarar reddar kvart år mellom ti til femten liv. Men då må røykvarslarane ha batteri som verkar. Vi deler ut batteri ein gong i året, på Røykvarslarens dag, men det er også viktig å vite at seriekopla røykvarslarar bruker meir batteri enn dei tradisjonelle røykvarslarane, og difor må desse både sjekkast oftare og kanskje få skifta batteri oftare. 



1. desember inviterer vi både kundar og andre interesserte inn til eit av våre kontor, anten kontoret i Hamnegata i Volda, Holmsildgata i Fosnavåg eller Kongens gate i Ålesund til utdeling av batteri og gode råd, kaffi og kaker.

Velkommen! 



Flere nyheter